O-løp Halbrend skule 22. april

Postet av Førde Idrettslag den 20. Apr 2026

Nærløp orientering på Halbrend skule onsdag 22. april kl 18.00. Sprint. Løype A er 2 km, B 1,5 km, C 1,4 km og nybyrjarløype på ca 0,7 km. For A-løype (vidarekomne) vert kart delt ut ved start. Dei andre løypene får kart ved frammøte. 

Dei som har høve til det melder seg i Eventor. Link her. Frist kl 14.00 onsdag. For andre er det høve til å melde seg på ved frammøte. 

Velkomen til alle. Spesielt om du ikkje har prøvd orientering før! 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 




Flott oppmøte på Soleide

Postet av Førde Idrettslag den 16. Apr 2026

Heile 76 løparar registrert på nærløp Soleide onsdag 15. april. Veldig kjekt og inspirerande med så mange deltakarar.  Løypevinnarar: A kvinner Gøril Fristad, A menn Jakob Kalvig Skogan, B kvinner Synnøve Husevåg-Lobben, B menn Asbjørn Lote, C kvinner Sigrid Botnen, C menn Anders Mallasvik.

Fullstendig resultatliste med strekktider og løyper finn du her. 

Dei neste tre nærløpa vert med oppmøte på skular i Førde; Halbrend skule (22.4.), Sunde skule (29.4.) og Førde v.g.skule (6.5.). For dei som vil ha skogsløp; bli med på Rotekoppen på Breim søndag 26.4.


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 




O-skulen for nybyrjarar

Postet av Førde Idrettslag den 15. Apr 2026

Førde IL Orientering inviterer til O-skulen. Bli med og lær om orientering - ein spennande idrett der ein er ute i skog og mark. Påmelding innan 20.4. Velkomen!  Les meir om o-skulen her: o-skulen.pdf

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 




Rotekoppen søndag 26. april

Postet av Førde Idrettslag den 15. Apr 2026

Breimsbygda arrangerer det tradisjonelle Rotekoppen søndag 26. april. To løyper. Valfrie postar. Les meir på Eventor. Kortreist o-løp i krinsen. Ta turen!




Nærløp Soleide 15. april

Postet av Førde Idrettslag den 13. Apr 2026

Nærløp orientering på Soleide, inst på Vie, onsdag 15. april kl 18.00. Løyper for alle. .

Løypeleggar melder om følgjande tilbod: A-løype (erfarne) 2,5 km - 17 postar, A/B (litt erfarne) 1,5 km – 10 postar, C-løype (vore med før) 1,1 km – 8 postar og Nybyrjarløype  på 1,0 km - 9 postar.

Påmelding på Eventor innan onsdag kl 14.00. Eventuelt ved frammøte. Velkomen!

Attgløymd jakke frå løp i Movika 8.4. Mokon som saknar, eller som veit kven eigar er?


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest